Løypa

Løypa på Nigardsgrandane med Nigardsbreen, ein av dei mest kjende armane av Jostedalsbreen, som næraste nabo. For å gjere løypa litt meir krevjande og også for å gjere ho meir publikumsvenleg vil ho både ved start og innkomst gå ekstra rundar i det kuperte terrenget rundt Breheimsenteret.

Får me ei kald natt til skjærtorsdag, kan nok føret
bli skarpt. Men skulle enkelte få eit skrubbsår eller på andre måtar trenge
sakkunnig hjelp, vil aldri hjelpa vere langt vekke: me har i år som mange
år tidlegare alliert oss med Bregruppa i Hafslo Røde Kors hjelpekorps. Dei har postar ute i løypa med samband inn mot hjelpestasjonen sin. Om du treng nærare info om løypa, kontakt løypesjefen, Anders Leirdal.