| Historie |
|
Det fyrste Bjønnarennet gjekk av stabelen i 1967. Rennet hadde 95 deltakarar. Langrennet vart arrangert i same området som i dag. Men alt frå fyrste året var også hopprennet ein viktig del av arrangementet. Det blei arrangert i Fossøybakken som tålte hopp på både 50 og 60 m. Dei fyrste åra var rennet fyrst og fremst for dei som var bra trena og som sette konkurransemomentet høgt. |
![]() ![]() |
|
I 1978 vart trimklassen innført. Den vart med ein gong svært populær for skiløparar i alle aldrar (og alle vektklassar!) og gjorde sitt til at me nådde ein topp i 1983 med heile 944 deltakarar.Etter kvart som interessa for hoppsporten gjekk nedover vart det færre og færre som stilte opp i Fossøybakken. Hopp var difor i 1989 for (førebels) siste gong ein del av Bjønnarennet. |
![]() Desse åra hadde me då også fleire av dei mest kjende skiløparane i landet på startlista. Det er nok å nemne Ole Ellefseter, Erling Steineide, Eilef og Pål Gunnar Mikkelsplass. I hoppbakken deltok kjendisar som Ingolf Mork,Jan Olav Roaldseth, Torbjørn Yggeseth, Arne Larsen og Arne Bystøl. Biletet er frå 1970. |
|
Det særmerkte med Bjønnarennet har i alle år vore dei flotte premiane som byggjer på lokal husflid;i mange heimar i landet står ei rype,eit rosemåla fat eller ein veven løpar som prov på innsatsen i Bjønnarennet.Denne tradisjonen har me som målsetjing å ta vare på. Men me kan ikkje leve på tradisjonar åleine. Til liks med mange andre utandørsarrangement gjekk deltakartalet på slutten av 80-talet nedover. Denne trenden heldt fram inn i 90 -talet. I 1998 innførde me difor "Bjønnasporet" der ein må konkurrere mot ei maksimaltid etter mønster frå Birkebeinerrennet. Ein viktig del av Bjønnarennet har i alle år vore den
tradisjonelle Bjønnafesten. I mange år var dette eit stort arrangement
med underhaldning og premieutdeling. |