Premiering
Sjå bilete av langtidspremiane her: Langtidspremiar
I år har me også premie for deltaking i 40 år. Premien er eit flott glasfat laga av Kjellrun ELvekrok, Jostedal Design

Opp til 15 år får alle deltakarane premie

Turrenn 16 år og eldre, kvinne- og herreklasse, vanleg premiering dvs. 1/3 av påmelde. Bestemannspremien går til den løparen i kvinne- og herreklassen som har best tid.

Ny premie frå 2007:
Luster kommune vil markere satsinga på ungdom og rekruttering til skisporten
gjennom ein gåvepremie til beste løpar samanlagt på Hafslovatnet rundt og Bjønnarennet
i aldersklassane 15 - 16 år og 17 - 20 år i både jente- og gute-klassane.


Dessutan har kvinne- og herreklassen fleire vandrepremiar :

Vandrepremie frå Luster Energiverk AS

-Beste kvinneløpar og beste herreløpar i åra 2008 - 2010 over 3 år.
-Premien gjeld uansett klasse.
-Plassiffer 1 for beste tid, plassiffer 2 for nest beste osv.
-Ved lik plassiffer vil løparen med best totaltid få premien.


Vandrepremie frå Pyramiden Butikksenter

-Gjeld i åra 2008 - 2010, går over 5 år.
-Ein premie i kvinneklassen og ein premie i herreklassen.
-Sluttida blir omrekna etter følgjande tabell:

Klasse Tid gonga med Poengrekning
17-20år
1,29 Med utgangspunkt i omrekna tid får :
-vinnaren 50 poeng,
-nr. 2 får 45 poeng,
-nr. 3 får 41 poeng osv.
-4 av dei 5 åra tel (dvs. ein stryk dårlegaste poengsum).
21-35år
1,33
36-45år
1,25
46-55år
1,18
56-65år
1,09
66-75år
1,00
76år ++
0,88

BJØNNASPORET
er ein klasse der målet er å gå fortare enn ei maksimaltid (etter mønster frå Birkebeinerrennet). Om du greier maksimaltida, er premien eit merke med eit Bjønnamotiv påført "Bjønnasporet" 1. gong, 2. gong osv.

Maksimaltida vert rekna ut slik:

  • Basistid: beste løpar etter fyrste runde.
  • Mennene som er mellom 20 og 29 år får 50 % tillegg på basistida.
  • Dei som er yngre enn 20 år eller eldre enn 29 år får mindre strenge krav.
  • Kvinnene som er mellom 20 og 29 år får 75 % tillegg på basistida.